Om meg
Hei! Eg heiter Emil, og eg jobbar i skjæringspunktet mellom mediadesign, digital historieforteljing og pedagogikk. Med bakgrunn som mediedesignar, illustratør og undervisar i informasjonsteknologi og medieproduksjon, brenn eg for å skape visuelt innhald som både engasjerer og lærer bort noko viktig.
Eg jobbar særleg med:
-
Digitalt innhald og Digidaktikk – utvikling, rettleiing og tilpassing av digital kompetanse for bedrifter og offentleg sektor
-
Visuell design – grafikk, illustrasjon, layout og digitale opplevingar
-
Forteljing og verdsbygging – både i spel, interaktive prosjekt og lange kreative produksjonar
Eg elskar å omsetje komplekse idear til intuitive løysingar – og å hjelpe andre med å få meir kraft ut av det digitale arbeidet sitt.
Når eg ikkje designar eller underviser, dykkar eg gjerne ned i psykologi, open source-verktøy eller små nerdete eksperiment, enten det handlar om Linux, Twine eller personlege kreative prosjekt.